Dette er ein av dei eldste overnattingsplassane på Hovden. Det ligg sentralt midt i Hovden sentrum ved Shell-stasjonen. Avstand til Hovden Skisenter er ca.1,5 km. Rett ved Haugly går lysløype som er knytta til resten av løypenettet. Haugly har totalt 7 rom (eit 6-sengs, eit 4-sengs og fem 2-sengs rom).
Det er handvask med varmt og kaldt vann på alle rom. Felles dusjar og toalett.
Opphaldsrom med TV, spisesal og kjøkken samt tørkerom. Kjøkkenet er godt utstyrt med komfyr, oppvaskmaskin og kjøleskap – også berekna for storhushald. Skihus der ein kan preparere ski er det og.
Opphaldet er basera på sjølhushald og sengene er utstyrt med dyner og puter. Sengetøy og sluttreingjering er ikkje inkludert, men kan bestillast som tillegg.
Frå 1 til 20 personar.
Haugly er svært godt egna for familiar og grupper på ca. 20 personar men det og mogleg å leige for enkeltpersonar.
Vil du vite mer om Haugly Gjesteheim?
Tlf: +47 37 93 95 27



