Haugly Gjesteheim

24. juni 1954 opna Haugly Gjesteheim. Eit pensjonat midt i Hovden sentrum. Seinare, i 1957, blei det også bygd ein bensinstasjon ved sida av. Familien Breive dreiv både gjesteheimen og bensinstasjonen i mange år og den dag i dag er det Birgit Breive Lidtveit som fortsatt driv gjesteheimen. 

Dette er en side som forteller om Hovdens historie.
I forbindelse med markering av 50 år med moderne reiseliv er det skrevet ulike historier om Hovdens reiselivsbedrifter. Dette er en av disse. Det kan være at bedriften som omtales ikke lenger er åpen eller har endret driftsform. I faktaboksen vil det eventuelt være link til dagens bedrift.

Ubroten drift sidan 1954

Birgit Breive Lidtveit, som i dag er eigar og drivar av Haugly Gjesteheim, er fødd og oppvaksen på Hovden. Barndomsheimen hennar er Haugly Gjesteheim som ligg midt i Hovden sentrum. Det var foreldra, Gunhild og Bjørgulv, som opna Haugly Gjesteheim i 1954. Her var det tilbod om både overnatting og matservering.

– Det var mor og far som dreiv pensjonatet men både eg og veslesyster Annelise hjelpte til med drifta alt frå vi var små jenter på 8-10 år. Då var det arbeid med å re opp senger, vaske og servere, og passe på at gjestene hadde det fint på Haugly. Det fyrste året dreiv vi gjesteheimen utan straum. Maten ble kokt på vedkomfyr og elles var det parafinlamper og vedomnar som gav ljos- og varme. Det blei jubel då vi fekk straum i huset den 25. november 1955.

Frå venstre: Annelise, ukjend gjest, Birgit, Gunhild og Bjørgulv.

Seinare blei det bygd ein bensistasjon ved sidan av Haugly. Her var det Bjørgulv som rådde, medan Gunhild hadde hovudansvaret for pensjonatet. Birgit fortel at mamma Gunhild laga og serverte mat heilt fram til det nye og moderne Hovden Høyfjellshotell opna i 1967. Då syntes mamma at ho ikkje var flink nok, så frå 1968 blei det berre overnatting med sjølhushald på Haugly.

Gunhild bruka mykje tid ved grytene på Haugly gjesteheim

– Hadde mamma levd i dag så hadde ho sikkert halde fram med å lage mat, ettersom det no er meir fokus på heimelaga og stuttreist mat. Det var jo nettopp det ho serverte til gjestene. I nokre år hadde mamma både ku, sauer, griser og høner som naturlegvis var eit godt tilskot til matlaginga. Grisene og hønene var i innhegning i hagen medan sau og ku fekk stå på bås hos andre på Hovden som hadde fjos.

Ferdig dekka til påskegjester

Den travlaste tida på året var om sommaran, frå juni til oktober. Familien Breives største ynskje var at det kom regn om ettermiddagen fordi då valgte dei vegfarande, som hadde planlagt teltovernatting, å heller leige seg inn på Haugly. Det kunne bli travle dager når store og små skulle innlosjerast. Det var frokost-, middag- og kveldsservering, vask og tørk av sengeklede og vask og stell av rom. I tillegg var det fleire gjester som berre kom innom for middag eller smørbrød før dei reiste vidare. Altså som ein kafé.

Vintersesongen starta i midten av februar og varte som regel til veka etter påske. Då var det skituristar som budde her i ei veke av gongen. Tida før Hovden Skisenter opna var det det å gå tur i fjellet som var vanleg, og sjølvsagt måtte turistane tråkke sine eigne spor.  Det var dermed mange svoltne gjester som kom heim til middag etter fjellturar som kunne vere både lange og strevsame.

Når sesongen var over kom det ei roleg tid på Hovden. Det var ei tid for blant anna vedlikehald og vedhogst. Det var sjeldan tid til eigen ferie for familien Breive, og bensistasjonen måtte sjølsagt vere open heile året. Ettersom bensinstasjonen låg like ved der me budde var det lett å få auge på kundane som kom, og ofte måtte ein i familien bryte opp frå middagsbordet for å hjelpe kunadane med drivstoff og anna. Det var og mange dagar at det ikkje var ein einaste kunde.

På bilete under har tankbilen nettopp fyllt opp tankane på bensintasjonen og bilens eigen tank må fyllast før den skal returnere til byen. Verken tankbil eller vegstandard låg til rette for at ein kunne køyre tur-retur på ein tank.

 

Birgit Breive Lidtveit foran Haugly ein gong på 80-talet.

I dag er det Birgit som styrer Haugly Gjesteheim, og det har ho gjort sidan mai 1975. Men ho tilbyr berre overnatting. Opphald er basert på sjølhushald og Gjesteheimen leigast ut fyrst og fremst til grupper eller fleire familiar som ynskjer å bu saman. Huset har blant anna ein romsleg matsal som gjer at store grupper og familiar får god plass når dei er samla til mat og sosialt samver. Haugly fremstår nesten som i «gamle dagar». Huset har mykje av den same utsjånaden, både inne og ute. Mange av gjestene synest nettopp det er mykje av sjarmen med det å bu på Haugly. Ein skrur liksom tida litt attende nokre ti-år.

Bensinstasjonen ligg framleis ved sidan av men det er andre som både eig og driv denne.

Birgit minnast Hovden då det berre var Hovdehytta, eit posthus og eit par hytter ved Hovdebru. I dag er det nærare 1000 hytter i det same området.

Les om Hovdens reiselivsutvikling gjennom de ulike 10-årene.