torsdag 21 november, 2019
19:00 - 21:00
Hovden Grendehus

Fjellgardane si historie: Turismen

Konservator Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet tek i eit biletkåseri føre seg den spede starten på turistverksemd i Breive og på Bjåen for godt over hundre år sidan fram til den første stolheisen sto klar på Hovden for 50 år sidan. Tanken er at me skal ta føre oss dei siste 50 åra ein kveld seinare i vinter.
Kirsten Leira på Turistkontoret vil så informere om og presentere noko av det historiske materialet om same temaet som er samla inn og lagt ut på nettsidene til www.hovden.com 
I foajeen på grendehuset opnar same kvelden ei lita utstilling som viser ein del bilete, reklamerekvisittar og anna materiell som er samla. Her kan ein også bla i fleire permar med avisutklypp, Hovdenavisa og andre magasin som er knytt til Hovden.

Siste del av kvelden held førsteamanuensis Jon P. Knudsen frå Universitetet i Agder eit foredrag kalla «Hovden og reiselivet, – fortid, nåtid, framtid». Stikkord her er den store endringa Hovden har vore gjennom frå å vere eit vegkryss og ei bru for hundre år sidan til det staden er i dag. Han stiller også spørsmålet om utviklinga vidare ut frå desse framtidsutsiktene: «Vi ser nå at det skjer store endringer i rammebetingelser for distriktsbosetting og reiselivsutbygging knyttet til slikt som nærings-, kommune-, skatte- og miljøpolitikk». 

Velkomen til ein interessant kveld for alle som har tilknyting til Hovden på eit eller anna vis!

Billett vaksne 100 kr/barn og skuleungdom gratis.

Arrangør: Kultur & fritid i Bykle kommune.
 

Telefon
37 93 86 93