Nasjonal sykkelrute i Setesdal

Sykkelrute 3 går frå Kristiansand til Haukeligrend. Denne ruta går for det meste på småvegar og stiar. Nokre parsellar fylgjer likevel Rv. 9. Det ligg godt til rette for å nytte deler av sykkelruta for «vanlege» turistar.

Delstrekningar kan passe ypperleg til ein dagstur eller berre ein kveldstur etter middag. Det er laga sykkelguide med kart og detaljerte opplysningar om ruta. Desse får ein kjøpt m.a. på turistinformasjonane.