Sherpasti og dagsturhytte på Hovden opnar 22. juni

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Værapport Værrapport

Programmet tar til klokka 13. Dei første 200 som møter opp, får servert nistepakke. Stien startar vis-à-vis Hovden fjellpark 13. Det er parkering ved grendehuset og i sentrum. Turen opp til dagsturhytta tar kring ein time. Det er råd å gå vidare rundt Hovdenuten og ned att på merka sti.

Snorklypping

Opningsseremonien ved dagsturhytta tar til klokka 15. Der blir det høgtideleg snorklypping, helsingar og talar. Musikk- og songinnslag blir det også, og sjølvsagt ei omvisning både i hytta og området. For dei minste blir det rigga til aktivitetar både inne og ute! Så er det bare å krysse alle fingar for godt vêr, slik at denne dagen kan bli ein skikkeleg bygdefest øvst i dalen!

Søk

Nyhetsbrev