Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Værmelding Værmelding

Gå på jakt etter skjulte kulturminner og historiar

På oppdrag av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR) har Destinasjon Hovden lagt inn rundt 115 kartfesta punkt i appen Hidden. Her finn du info om kulturminner, lokalhistorie, segn m.m. som på ein eller annan måte kan knyttast til villrein i dei 10 kommunane som grensar opp mot SVR.

Last ned appen og søk for eksempel opp «Storhedder og trollbukken Ringeball». Eller «Møtet mellom Jon Dysje og Pilt-Ola». Begge to er gamle segner og på den siste kan du også spele av eit opptak av songen om Jon Dysje.

I appen finnes også alle registrerte kulturminner som ligg i kulturminnesøk (teneste drifta av Riksantikvaren). Sjekk ut om det har budd ein viking som produserte jern utanfor stueveggen din! Eller finn info om dyregraver, jakthellerar, jordhytter med mykje meir i fjellet.

Hidden gjer turen interessant og lærerik.

Litt tilleggsinfo:

Det er bevisst ikkje brukt kategorien «Kulturminner» ved innlegging i dette prosjektet, ettersom ein då får opp alt frå kulturminnesøk/Askeladden. Der ligg det mykje og ikkje alt av like stor verdi (men for all del, mykje interessant også!). Ein kan velge vekk denne kategorien for å få opp færre treff (f.eks sile ut alle kolgropene i Bykle, som det er mange hundre av).

Vi har brukt kategoriane Segn eller Lokalhistorie. Du kan søke på navn, eller finne dei på kartet. Appen er GPS-basert, så du ser kva som finnes der du er, forutsett at du har mobildekning. Ellers kan du sjekke før du går – mens du har dekning, ettersom alt er lagt inn slik at det er synleg sjølv om du ikkje oppsøker staden.

Søk