Pop-up gjenbruksbutikk

Pop-up gjenbruksbutikk på Hovden!

Vi gler oss til å fortelje at det opnar ei mellombels gjenbruksbutikk på Fjellgardstun (ved Pizzabakeren) frå 20. november til 15. januar!

Beskrivelse

Vi gler oss til å fortelje at det opnar ei mellombels gjenbruksbutikk på Fjellgardstun (ved Pizzabakeren) frå 20. november til 15. januar! Bak initiativet står Folkeakademiet Bykle, Bykle sokneråd og Bykle frivilligsentral. Vi er svært takksame for Valle Sparebank som har gjeve oss tilskot og gjort dette mogleg! Opningstider: · Torsdag og fredag: kl. 13.0018.00 · Laurdag: kl. 10.0016.00 Her kan du selje eigne varer eller ta turen innom kaffikroken for ein triveleg gjenbruksprat. Vi tek imot det meste du kan bere under armen så lenge det er heilt, pent og reint. Seljar legg sjølv ut varene sine i opningstida, set pris og betaling skjer via Vipps. For at vi skal ha varer klare til opninga, kan dei som vil selje eller gje bort varer komme innom måndag, tysdag og onsdag (17.19. nov) kl. 13:0018:00 for å gjere klart klede, heimestrikk, glas og andre ting. Du kan òg donere varer til butikken. Inntekt frå sal går då til drift. Overskotet blir nytta til lokale gode formål, bestemt av samarbeidspartane. Me atterheld oss retten til å takke nei til varer, så avklar gjerne med beteninga på førehand om du er i tvil om kva som kan leverast. Som privat seljar må du signere samarbeidskontrakt med frivilligsentralen for å kome i gang. For meir informasjon eller spørsmål ta kontakt med Kultur og fritid på e-post: kultur@bykle.kommune.no eller tlf: 902 16 856.

Se åpningstider