250 års jubileumskonsert for Ludwig van Beethoven 1770-1827

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Værmelding Været

250 års jubileumskonsert for Ludwig van Beethoven 1770-1827

Kulturveka i Valle er frå 17. til 31. oktober. Denne konserten er eitt av mange arrangement i regi av Kulturveka og Folkeakademiet i Valle. Pianokonserten med Øystein Kikut frå Valle markerer at det er 250 år sidan Ludwig van Beethoven vart fødd.

Gled deg til eit nært møte med musikken av Ludwig van Beethoven, formidla i ord og tonar av vår kjende pianist i Valle, Øystein Kikut. Han vil også spele utdrag av musikk frå andre komponistar.

Billettsal og registrering ved døra, eller påmelding til berit.henriksen@live.no eller tlf. 95 88 71 51

Inngong: kr. 200
Skuleelevar: Gratis
Medlemmar av Folkeakademiet: kr. 150

Søk