Avduking av minnestein over Vise-Taddeiv

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Værmelding Været

Avduking av minnestein over Vise-Taddeiv

Vise-Taddeiv (1860-1916) heitte eigentleg Torleiv Åsmundsson Byklum. Kallenamnet fekk han avdi han var synsk og særs kunnskapsrik. Han var kjend som naturlækjar også i Vest-Telemark og Ryfylke i tillegg til Øvre Setesdal.

I samband med avduking av minnestein over Vise-Taddeiv har Setesdal sogelag i samarbeid med Bykle kommune lagt opp til eit omfattande program der hovudinnslaget vert Olav M. Holen sitt foredrag om Vise-Taddeiv. Mest fokus vert det nok på Vise-Taddeiv sin kunnskap om lækjande planter og urter og korleis han hjalp folk i Bykle og mange andre bygder med sjukdom og plager.

Elles vert det innslag ved Karin Bøe, Hallvard T. Bjørgum, Marton Laksesvela, Eldbjørg Trydal Rysstad, Vetle Tveiten Hoslemo og fleire. Ordførar Jon Rolf Næss står for avdukinga av minnesteinen. Suldal sogelag er spesielt invitert til arrangementet.

Pris

Beskrivelse Pris
Gratis kr (Billetter)

Søk