Bykle gamle kyrkje

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Bykle gamle kyrkje

Så tidleg som i 1327 har paven i sine annalar registrert «Eccl. de Buglum», Bykle kyrkje. Når ho vart reist, veit vi ikkje, men det gjekk ofte litt tid før ei ny kyrkje så langt nord blei registrert av paven. Det kan ha stått ei kyrkje på denne plassen alt på 1200-talet, kanskje endå tidlegare. Konturen av ein stor gravhaug på oppsida av kyrkja fortel oss at kyrkja er reist på ein gamal heidensk kultstad.

Det er omvisning i den gamle kyrkja i høgsesongen om sommaren (frå ca. St. Hans til skulestart). Kyrkja er freda og vart avløyst av ny kyrkje like ved i 2004.

OM BYKLE KYRKJE:

Den første kyrkja i Bykle var truleg ei stavkyrkje. På grunn av nedgangen i folketal som svartedauden medførte, har nok vedlikehaldet vore sparsamt i mange generasjonar, og etter reformasjonen vart det truleg endå verre. Eit brev frå 1619 fortel at Bykle kyrkje «haffuer weritt øde nogle Aar». Same brevet fortel at kyrkja no skal reisast på nytt og haldast ved like, etter ønske frå kyrkjelyden og løyve frå biskopen. Når dette var gjort, skulle presten kome frå Valle og halde messe tre gonger i året.

Slik den gamle kyrkja er i dag, vart ho bygd rundt 1620, og er såleis den eldste kyrkja i Setesdal. Ho er laftebygd av magetelgt rundtømmer med utvendig kledning av kvitmalt panel. Ein del av tømmeret frå den gamle stavkyrkja vart bruka om att i den nye kyrkja, m.a. i takkonstruksjonen. Kyrkja har eit lite våpenhus, skip og kor, men manglar sakristi. Kyrkja er ei av dei minste i landet, berre 11 meter lang.

I åra 1803-06 vart det gjennomført ei grundig restaurering av kyrkja, der ho fekk si noverande form. Tidlegare hadde kyrkja eit sjølvstendig tårn i den eine enden, men det vart erstatta av den noverande takryttaren med klokkehus. Galleria i vest og nord vart sannsynlegvis også oppført då. Trass i fleire store restaureringar på 1700- og 1800-talet kan vi likevel trygt seie at Bykle kyrkje i all hovudsak er frå 1620.

Noko av det som gjer kyrkja så sermerkt, er rosemålinga frå 1826. Dei vakre tømmerveggane har kvit botnfarge, og oppå der breier roser og ranker seg ut. Taket er dekorert som ein himmel med stjerner og skyer. Frå denne himmelen ser Kristus ned på kyrkjelyden, og med løfta hender lyser han si velsigning. Det var Aslak A. Vasshus frå Rauland som stod bak målinga, og med seg hadde han Knut Åvoldsson Byklum frå Bykle. Det er avdekka spor av eldre dekorasjonar som kan vere opphavlege, blant anna grøn rankedekor i koret og ein konge på korplanken. Framsida av galleria er dekorert med utskorne Olavsroser. Dei er knytte til Olav den heilage.

Altaret og preikestolen er renessansearbeid frå første del av 1600-talet. Altartavla har ei uvanleg utforming med framskoten baldakin, heilt lik den gamle altertavla i Valle, som no er på Norsk Folkemuseum. Dei to storfelta skildrar Jesus som ber krossen og krossfestinga. Desse måleria er daterte til 1700-talet. Avdekkingar har vist at bileta er måla over eldre motiv som kanskje er dei opphavlege. 

Preikestolen er bygd i same stil som altartavla og har dekorasjon frå rundt 1700. Tre rundbogefelt syner evangelistane Markus, Lukas og Johannes med deira symbol. Sidan Matteus manglar, må preikestolen ha blitt forandra, kanskje i samband med restaureringa på 1800-talet.

Døypefonten er av tre og forma som eit timeglas, datert til ca. 1600. Dåpsfatet av bronse er frå første halvdel av 1600-talet. 
I koret heng det eit lite veggskåp som vart nytta til å ha altarbøker i. Skåpet er datert til tidleg på 1600-talet, med rosemåling frå første del av 1800-talet.

Det er ni benkar på mannssida (sør) og sju og ein halv på kvinnesida (nord). Avstanden mellom radene er 74 cm på mannssida og 65 cm på kvinnesida. Ein treng ikkje vere spesielt stor for å få problem med å plassere føtene!

Kommerseråd og lagmann Laurits Andersen Undal gav kyrkjeklokka til kyrkjelyden i Bykle i 1683. Klokka har innskrifta «Si deus pro nobis, quis contra nos», som betyr: «Dersom Gud er med oss, kven er då imot oss?» Den som ringjer, står i midtgangen i sjølve kyrkjerommet og dreg i eit tau.

Først i 1989 fekk Bykle kyrkje orgel, bygd av svensken Nils-Oluf Berg og teikna av Ulf Oldaeus, eit pipeorgel med eitt manual og fem stemmer. Dei gamle, sungne salmetonane, med alle sine snirklar, levde lenger i Bykle enn dei fleste andre stader.

Velkomen til Bykle kyrkje, eit lite kyrkjehistorisk smykke.

Søk

Nyhetsbrev