Bykle lysløype – rundtur 5,5 km

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Værmelding Værmelding

Bykle lysløype – rundtur 5,5 km

Turveg som og er egna for sykkel og barnevogn.

Ljosløypa i Bykle er ei fin rundløype – både til fots om sommaren og på ski om vinteren. Ho startar bak legekontoret i Bykle. Her er det òg parkeringsplass. Løypa går på godt opparbeidd grusveg heile vegen rundt og er enkel å gå, men det er nokon bratte bakkar.

Turen kan syklast og gåast med barnevogn. På det høgste punktet på vegen er det fin utsikt vestover Støyledalen og det oppdemte Botsvatn. Herfrå går det ein umerkt og svak sti til toppen av Jarekollen, der det er flott utsikt over Bykle. Turen anbefalast å gå med klokka.

Startstad: Parkering bak Bykle legekontor.

 

Last ned kartblad

Søk