Bykledagen

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Bykledagen

Velkomen til Bykledagen - med kultur og aktivitetar for store og små, unge og gamle!

Bykledagen har etablert seg som eit årleg arrangement og i år blir det program både laurdag og sundag.

Programmet går føre seg på tre stader i bygda. Første del i bygdetunet Lislestog og Bykle gamle kyrkje like ved.

Andre del er ved Dam Sarvsfossen ein km. lenger nord.

På søndag kan du igjen møte opp ved kyrkja og bli med på kulturminnevandring gjennom kyrkjebygda til Huldreheimen (bygdemuseum).


PROGRAM

LAURDAG 2. SEPTEMBER

Lislestog kl. 1100–1600
Utstilling av tekstilar.
Bykle husflidslag har invitert Valle bygdekvinnelag til å vise fram ulike tekstilar, mellom anna band og belte. Dei ynskjer bidrag til utsillinga, så har du tekstilar som for eksempel band, belte, hårband, etc. liggjande; ta det gjerne med! Bygdekvinnelaget vil også presentere bokprosjektet sitt.

Det blir sal av kaffi og mat.

Bykle gamle kyrkje kl. 1130-1200
Helga Jacobsen fortel historie og byr også på litt song. Den gamle freda kyrkja hadde 400-årsjubileum i fjor, men har ein historie heilt tilbake til 12-1300-talet.

Lislestog kl 1200-
Folkedans og kvedarstund i bygdetunet.
Tilskuar eller deltakar, valet er ditt - bli gjerne med på både folkedans og kveding!

Bykle gamle kyrkje kl. 1230
Forteljarstund for born v/Anne Margrete Bjåen, som har skrive bok for born om Bykle gamle kyrkje. Ca. 20 min.

Sarvsdammen kl. 1230-1600
Otra Kraft slepper vatn over Dam Sarvsfossen – eit spektakulært syn!
Mat og drikke, aktivitetar og salsbodar ved dammen.
Sjonglering, skattejakt, natursti, open brannstasjon, luftgevær, blekkbokskasting m.m.

Det blir også besøk av politiske parti som stiller med liste til kommunevalet. Dei som vil stiller med eigen stand.

Bykle Hotell frå kl.1800
Hotellet inviterar til haustbuffét i restauranten frå kl. 18. og deretter til bygdefest med levande musikk.


SUNDAG 3. SEPTEMBER

Kulturminnevandring kl. 1100-1300
Bli med på vandring i Bykle kyrkjebygd, der kulturminna ligg som perler på snor.
Oppmøte og parkering ved Bykle kyrkje.

Bykle Hotell frå kl. 1300-1800
Ta gjerne sundagsmiddagen på Bykle Hotell! Hotellet er kjent for god mat, atmosfære og service.

 

Samarbeidspartnarar:
Stasjonen Bykle | Bykle kommune | Bykle idrettslag | Otra Kraft | Setesdal brannvesen | Bykle folkeakademi | Bykle Hotell | Bykle Maskin | Bykle Vindu | Bykle husflidslag | Destinasjon Hovden

Søk

Nyhetsbrev