Fjellgardane kyrkje

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Fjellgardane kyrkje

22. september 1957, ein fin haustdag, blei Hovden kapell, eit såkalla lang-kyrkjebygg, vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt. Dei totale kostnadene var fram til sommaren 1958 på vel 58.000 kr. Gratis tømmer, tallause dugnadstimar og gåver gjer at dei reelle kostnadane nok var mykje høgare.

Det meste av dei knapt 58.000 kronene var samla inn på basarar og kronerulling, som begynte så tidleg som i 1944, altså under krigen. Denne første basaren blei halden på Hovden Høyfjellshotell (som brann ned i 1946), og skaffa ufattelege 9.000 kr! Ni tusen! Kva det tilsvarar i 2018-kroner er det visst ingen som veit konkret, men at det er tale om minst 100.000 kan det ikkje vere tvil om. Det var etterkrigstid, og dei økonomiske kåra var mykje dårlegare enn i dag. Eigentleg er det nesten ufatteleg at dei få menneska på Hovden, Bjåen og i Breive kunne samle inn så mykje til kyrkjehuset på Hovden.

Eit spesielt innslag i samband med basarane, må nemnast, «Korgfest». Ei fjellgardsdame som i 1955 kunne vere i 20-årsalderen, fortalde: «Me jentene laga til ei korg med god mat, som så vart auksjonert bort. Karane kjøpte då ikkje berre matkorga, men også jenta som hadde laga ho. Etter kjøpet sette dei seg saman, jenta som hadde laga maten i korga og mannen som hadde bydd mest, og åt godt.» NB! Mennene som baud på pakkene, visste ikkje kven som hadde laga dei. Sjølv om det truleg berre skjedde eitt år, fortel det mykje om kor langt fjellgardsfolket, både kvinner og menn, var villige til å gå for å få opp eit vigd gudshus.
Kyrkjegarden blei offisielt vigsla den 9. juli 1950. O. Olsen og søns Klokkestøperi i Nauen utanfor Tønsberg leverte klokka, Olav Jeiskeli støypte fundamentet og Ånund P. Tveiten gjorde snikkar-arbeidet slik at klokkestupulen kom på plass i 1951. Kunstnaren Finn Emanuel Olsen har laga altarmåleriet (1959). Dreng Lien frå Valle hadde ansvaret for altar og altarring, døypefont og talarstol. Dette var på plass i løpet av våren 1959. Dr. Barstad og kona gav i 1960 kyrkja eit praktfullt krusifiks og to store lysestakar. Torbjørg Bjåen kom samstundes med ein ny golvløpar. Else Marie Jakobsen laga eit antependium til kyrkja i 1970. Bårehuset, som har plass til eit reiskapsrom og lager, stod ferdig i 1999. 

Arkitekt for Hovden kapell, som frå 2002 fekk namnet Fjellgardane kyrkje, var Torjus Bjåen.

Det flettverksgjerdet som blei sett opp på 1950-talet, blei på 1960-talet skifta ut med eit steingjerde. Shippingmannen Johan G. Olsen betalte rekninga då varmeomnar og lys kom på plass i 1958. Same mannen gav kyrkjelyden eit “trø-orgel” (Chicago Cottage Harmonium) i 1960. Det nye orgelet blei innvigd 7. januar 1996. Det har sju stemmer og til saman 354 piper. Den endelege utforminga var drøfta fram av orgelbyggaren Nils Arne Venheim, konsulenten Stein Johannes Kolnes og Bykle sokneråd. Akustikken hadde vore dårleg, men mens orgelet vart montert, fekk taket skikkeleg isolering – og kyrkjeromet god akustikk. Samla pris var ca. 680.000 kr.

Det har skjedd ei lang rekke utbetringar og andre inngrep og endringar i løpet av dei på lag 60 åra som har gått sidan den offisielle vigslinga i 1957. Her er det ikkje plass til å fortelje om alt saman. Men, og det er vesentleg, desse utbetringane har, i all hovudsak, blitt finansiert av det offentlege – stort sett Bykle kommune. Som ein relativt stor turistdestinasjon er det klårt at behovet for eit kyrkjehus er stort. 

Søk

Nyhetsbrev