Gamadagen på Hegni

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera

Gamadagen på Hegni

Bykle og Valle Kunstlag inviterar alle til å feire "Gamadagen" med oss!

Program:
Pop-up kunstutstilling
Felles kunstprosjekt for barn og vaksne
Servering av «Uzbek Plov» gryterett på bålpanne ifrå The Village «igloen»
Workshops med steinar og lauv


Denne sundagen er ei nasjonal markering av Frivillighetens år som involverer alle i den norske frivilligheten.
Kunstforeininganes dag er 4. september. Vi i Setesdal har valt å kalla denne dagen for «Gamadagen».

Vi har valt å fremme Hegni på Hovden som kulturarena, og ynskjer velkomen til å feire ein gama dag med oss!
Vi har eit samarbeid med skulen i Bykle om kunstprosjekt for barn som vi vil syne fram denne dagen.

Bykle og Valle Kunstlag er ein frivillig organisasjon som fremjer workshops, kunst, utstillingar og diverse anna. Vi har 25 kunstglade medlemmer og har ein del planar og kunstreiser framover.

Korleis ville lokalmiljøet ditt sett ut utan frivilligheten? Kva er historia til dei frivillige laga og foreiningane? Kvifor er dugnad og frivillighet ein viktig del av vår eigen kunst, kultur og historie?

Meir informasjon om tema vil leggast ut på nettsida til Bykle og Valle Kunstlag

Intensjonen om auka inkludering av mangfald gjennom mat, kunst og kulturopplevingar.
Vår visjon er at kunst skapar samfunn.

Vi ynskjer å syne verdiar som nyskapande, aktuell, engasjerande og inkluderande med å tydeligjere eit breit og varig engasjement for kunst i Setesdal.

Dette gjer vi ved å stimulera til opplevingar, synligjere og opplysa.

Søk