Info- og handverkskveld

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera

Info- og handverkskveld

Er du nysgjerrig på eldgamle handverksteknikkar? For eksempel nålebinding eller å lage tinntrådarmband? Kanskje du sjølv kan ein gammal handverksteknikk du vil fortelje om/dele med andre? Eller vil du vite meir om prosjektet Viking & Villrein?

Då håpar vi du blir med oss den 10. august kl. 17. på Lislestog i Bykle.

Karin Bøe viser oss nålebindingsteknikk og Ellen Jansen kan fortelje om arbeid med tinntråd, skinn og reinsdyrgevir.

I starten av samlinga blir det info om prosjektet Viking & Villrein.

Vi jobbar med fleire emner og i tillegg til handverk, ser vi for oss følgande tema/inndeling:

• Viking&Villrein – jakt og fiske, sanking og matlaging
• Viking&Villrein – jernutvinning
• Viking&Villrein – folkemusikk, stev og dans

Som ein forstår av tittelen på prosjektet, er bakteppet vikingtid og villrein. Vi ser også på jernutvinninga i vikingtida og mellomalderen som eit sentralt tema, i tillegg til den UNESCO-lista kulturarven i Setesdal med folkemusikk, stev og dans.

Her er det mange moglegheiter og mykje ein kan «spinne» på – og vi er opne for innspel. Vi ynskjer også å få med oss folk på haustmarknaden 8. oktober, sjå eige arrangement.

Det er plass til ca. 15 deltakarar som vil prøve ut nålebinding, men fleire om du berre vil få med deg info, vere «fluge på veggen», eller slå av ein prat.

Vi serverar kaffe og litt å bite i, og håpar på ein trivelig kveld der praten går.

Meld frå om du kjem til prosjektleiar Lina Fredin på Destinasjon Hovden innan 1 august:
lina@hovden.com , telefon: 41330368

Hjarteleg velkommen! 

Søk