Julekonsert med Inger Lise Stulien

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Føremelding Føremelding

Julekonsert med Inger Lise Stulien

"Frå Nashville og Heim te jol"

I fjor haust pakka Inger Lise kofferten og drog til countrymusikkens vogge. Med seg hadde ho rykande ferske nykomponerte songar, gitarist Knut Kjetil Møen og pianist Kim Roger Larsen som og er låtskrivarar på det nye albumet. Denne gong på engelsk.
Så kom koronaen og alle konsertar avlyst. Platesleppturnè blei ikkje som planlagt, difor kom idèen om å sleppe det nye albumet på Agders tak; Sæbyggjenuten, 1507moh, i Bykle kommune. Du såg ho kanskje på NRK Norge Rundt?

Trioen ho hadde med seg "over dammen" stiller på førjolskonsertane i Setesdal. I tillegg har ho med seg Kjell Åge Stoveland på fele, frå Kristiansand symfoniorkester.

Det blir songar frå Nashville og sjølvsagt frå fleire av hennar soloutgjevingar på norsk. "Heim te jol" er sjølvsagt på repertoaret. Nettopp jola og joletradisjonane er noko Inger Lise er veldig glad i, og veit å setje pris på. Det blir kjende og kjære jolesongar, og nye songar. Dei ser fram til å vitje Setesdal i desember.

Billetter: 200 kr. / gratis under 18 år.

Arr. av Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad i samarbeid med artisten.


 

Når

13.12.2020
Søndag: 17.00

Søk