Julekonsert med Operamania

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Føremelding Føremelding

Julekonsert med Operamania

Klassisk jolemusikk i Valle kyrkje innleiar adventstida

Operamania er ei gruppe musikarar som alle har si klassiske musikkutdanning frå UiA. Musikantane Aslak, Therese, Vegard og Jasmine ynskjer denne 1.desember å opne adventstida i Valle kjyrkje med ein stemningsfull jolekonsert med kjente og kjære jolesongar. 

Du vil blant anna få høyre: «Ave Maria» av Franz Schubert, «A Christmas prayer» av Bobby Vinton (auld lang syne), duettar som «Fairytale of New York» og «Julen er her» og flotte solostykker på fløyte og piano av Judy Shin «The Christmas song» for å nemne noko av programmet. 

Musikantane ynskjer og at publikum skal få vere med å syngje denne kvelden så her er det bare til å rense halsen og finne si indre songlerke! 

Entré: kr. 300 og billett kjøpes ved inngang.

Arr: Operamania

Søk