Konsert med Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen
Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen kjem til Hovden i haustferien og held konsert på Grendehuset torsdag 3. oktober kl.18.00.
Dei to har kjent kvarandre sidan 1. klasse og starta band allereie som 12–13-åringar. Etter kvart fekk dei sine eigne solokarrierar, noko dei fleste av oss kjenner godt til. Det er nok å nemne songar som Inkululeko, Har en drøm, Ei hand å holde i, Elsk mæ sakte, Lost in the tango, Till the morning comes, Brown eyed girl, She belongs to the rain, Rosa's heart.
Desse og fleire til får du høyre om du kjem på konserten! Jørn og Steinar ser fram til å kome til Hovden og minner om at publikum i stor grad er med på å bestemme om det blir ein bra konsert. Dette gjer publikum ved å gje tydeleg respons på musikken – og kan dermed vere med på å ildne musikarane opp til å spele endå betre og få ein retteleg god kjemi mellom publikum og utøvar!
Billetter kjøpes her: https://checkout.ebillett.no/255/events/39594/purchase/setup?return_url=https://ebillett.no/events&kanal=epo
Arrangør: Kvinlog kulturformidling i samarbeid med Kultur & fritid, Bykle kommune.
Pris
Beskrivelse | Pris |
---|---|
Pris | 500,00kr (Billetter) |