Konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera

Konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes

Dette er rett og slett ein konsert du ikkje vil gå glipp av!

Samspelet mellom Trym & Kim omtalast som noko heilt spesielt og tida står nesten stille når dei let røystene smelte sammani klokkeklare harmoniar.  

Kim Rysstad er ein av svært få profesjonelle kvedarar frå Setesdal og har i ei årrekke arbeidd med å halde den særeigne tradisjonen i hevd gjennom konsertar, utgjevingar og kursverksemd.

Trym Bjønnes er ein dyktig og unik freelancemusikar, komponist og arrangør frå Hovden, også kjend frå gruppa Fjellfolk. Samarbeidet mellom Kim og Trym starta i 2010 og har sidan resultert i tallause konsertar, både i inn og utland, eventar, plateinnspelingar, og endatil en nominasjon til Spellemannprisen i 2011 for plata «Vegen». 

I tillegg er dei flotte ambassadørar for den UNESCO-lista folkemusikken i Setesdal og gjev håp og inspirasjon til andre om å fortsetje og utvikle tradisjonen der ein gjerne hadde sett fleire utøvarar. Heldigvis blir det no jobba godt med rekruttering og fremjing av stev, folkemusikk- og dans etter at dette vart «sett på dagsordenen» gjennom UNESCO-statusen denne immaterielle kulturarven fekk i 2019.

Når

08.10.2022
Lørdag: 16:15 - 16:45

Søk