Kulturpatrulja
Kulturpatrulja vart etablert i 2013 for å bringe ekte setesdalskultur med stev, spel og dans til ulike stader i sommarsesongen. Utøvarane er unge lokale musikarar med glimt i auget, og dei turnerer rundt om i dalen i juli månad. Konsertane er opne for alle, og gratis for publikum.