
Laurdagskafé i Fjellgardshallen
Treng du eit mål for langrennsturen? Kvar laurdag fram til påske blir det kafé med vaflar, kakao og andre godsaker på Løa i Fjellgardshallen. Vi held til rett ved skiløypa på Hovden langrennsarena, og har opent kl. 11-16.
Kafeen har utsikt ut til ridehallen, og det er gode moglegheiter for å sjå hestar.
Inntektene frå salet går til Bykle og Hovden Rideklubb.
Velkommen!
