Ljosløypa i Bykle og Jarebu
Ljosløypa i Bykle er ei fin rundløype både til fots om sommaren og på ski om vinteren. Ho startar bak legekontoret i Bykle. Her er det òg parkeringsplass. Løypa går på godt opparbeidd grusveg og er enkel å gå, men det er nokre bratte bakkar. Turen er mogleg med sykkel og med barnevogn. På det høgste punktet er det fin utsikt vestover Støyledalen og det oppdemte Botsvatn. Herifrå går det ein sti til toppen av Jarekollen, kor det blei satt opp ei flott dagsturhytte i juni 2023. Det er tre ulike stiar opp til toppen; ein er ganske bratt, ein har bratte parti, medan den på vestsida av Jarekollen er slakare.