Ninjana – Setesdals eigen ninja!

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Værmelding Været

Ninjana – Setesdals eigen ninja!

Møt Ninjana - Setesdals eigen ninja!

Ho er tilsynelatande ei vanleg jente som lever eit tilsynelatande vanleg liv. Bortsett frå at ho bur med mormora si heilt aleine i ei hytte langt inne på fjellet, at ho trener kampsport halve natta og at ho snakkar med ville dyr.

Mens bygdefolket sover smyger Ninjana seg rundt i fjellheimen iført superheltdrakta si, nemleg setesdalsstakken.

Ho kjemper mot hyttetjuvar ved hjelp av skarpe søljer og beltespenner. No står Ninjana overfor sin verste frykt.
Eit enormt snøskred truer med å øydelegge heile bygda. Kan Ninjana stoppe det?

Kom og høyr forfattar Karin Moe Hennie fortelje om prosessen frå idé til bok. Ho fortel også om bunaden frå Setesdal og les høgt frå boka. Barna aktiviserast gjennom heile besøket. Avslutningsvis blir det ein «ninjacamp» der ein kan prøve forskjellige ninjatriks:

1) Bunadskokast på hermetikkbokstårn
2) Lassokast på reinsdyrgevir
3) Ninjaspark på bunadspiñata

Passar for barn i 1.-7.kalsse, gjerne saman med foreldre. Vi setter opp to førestillingar, kl. 12 og kl. 14. Gratis inngang!

Pga. begrensa antal billettar oppmodar vi til å skaffe gratisbillett på førehand. Dette kan du gjere på Hovden grendehus eller ebillett.no. 

Arr: Bykle folkebibliotek og The Village

Når

22.11.2020
Søndag: 12.00 - 13.00

22.11.2020
Søndag: 14.00 - 15.00

Søk