Opning av dagsturhytta på Hovdenuten
Laurdag 22. juni blir ein festdag på Hovden. Då opnar både den flotte sherpastien og den like flotte dagsturhytta på Hovdenuten.
Programmet tar til klokka 13. Dei første 200 som møter opp, får servert nistepakke. Stien startar vis-à-vis Hovden fjellpark nr. 13. Det er parkering ved grendehuset og i sentrum. Turen opp til dagsturhytta tar kring ein time. Det er råd å gå vidare rundt Hovdenuten og ned att merka sti.
Snorklypping
Opningsseremonien ved dagsturhytta tar til klokka 15. Der blir det høgtideleg snorklypping, helsingar og talar. Musikk- og songinnslag blir det også, og sjølvsagt ei omvisning både i hytta og i området rundt. For dei minste blir det rigga til aktivitetar både inne og ute! Så er det bare å krysse alle fingar for godt vêr, slik at denne dagen kan bli ein skikkeleg bygdefest øvst i dalen!