Sauesjåmarknaden i Valle

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera

Sauesjåmarknaden i Valle

Utstillingar med lokalt handverk, marknad med eit stort og bredt produktutval, artige aktivitetar og underhaldning - sett av desse to dagane og bli med på å gjere det til ein vellykka marknad.

Laurdag 1. oktober
10.00 Utstillingar og salsbodar opnar
11.00 Scenen: Opning av marknaden ved leiar Tarald Myrum
12.00 Scenen: Vidar Frøysnes med band
13.00 Slakting og partering av lam ved Brattlåven. Tillaging av kjøt i kokegrop.
15.00 Scenen: Anna Slaby Driel
Basar med setesdalssuppe ved Valle bygdekvinnelag i Sæbyggjen. Trekking kl. 16.00.
Dans på Sølvgarden på kvelden (18 år).

Sundag 2. oktober
11.00 Utstillingar og salsbodar opnar
Natursti med fine premiar
13.00 Setesdals sterkaste, med lokale og nasjonale utøvarar
14.30 Ung Scene: Valle kulturskule, Endre Stulien Robstad,

Begge dagar:
Rundturar med Gråtass | BARNETIVOLI og trampoline | Klatring i Brattlåven | Husdyrutstilling
Veteranbilutstilling | Utstilling av gutekjolar på Setesdal Husflid:

Ulike salsutstillingar: Landbruksmaskinar, snøskuterar og anna maskinelt utstyr, husflidsprodukt, lokalmat, bakevarer,
frukt & grønt, handverk, krimskrams, diverse nytt & brukt med meir.

Biblioteket har boksal i det gamle heradshuset, og du finn gode tilbod i butikkane!

Velkomen til Sauesjåmarknaden i Valle 1. og 2. oktober 2022!

Når

01.10.2022 - 02.10.2022
Lørdag:
Søndag:

Søk