Slåttedag på Rygnestad

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera

Slåttedag på Rygnestad

Slåttedag og besøk av kulturpatrulja på Rygnestadtunet

Program:
* ljåslått med langorv og stuttorv
* hesjing
* Kulturpatrulja kjem kl. 12
* slåttegraut
* sliping og bryning


Rygnestad/Flateland er valt ut som eitt av 20 norske kulturlandskap som skal takast særskilt vare på. Derfor vert landskapet her pleia på ein spesiell måte. Museumstunet vert beitt med husdyr, graset vert slått med ljå, og i det heile slik det var før maskinane gjorde sitt inntog i landbruket.

Eitt resultat er sjølvsagt at eit slikt pleia landskap er vakkert å sjå på. Ei anna side er at den gamle vegetasjonen også vender tilbake. Ein spesiell blom er den gule, prestekrageliknande solblomen, eller tobakksblomen som namnet er lokalt. Etter å ha vore meir eller mindre borte nokre tiår, er han no i ferd med å vende tilbake. Som eit ekstra pluss dukkar det også opp nye insektartar og andre smådyr når den gamle vegetasjonen tek til å dominere att.

Alle interesserte kan prøve ulik reiskap og deltake i slåtten. Dei som ynskjer kan ta med eigen ljå.
Det blir lagt opp til en sosial og familievennleg dag med triveleg kaffirøe etter slåtegrauten og kulturelle diskusjonar.

Vi er sjølvsagt avhengige av at vêrgudane er med oss ​​for å få alt til å klaffe. Men uansett inviterer vi til ein triveleg dag på Rygnestadtunet.

Søk