Søre Hartevassnuten – rundtur 6 km

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Værmelding Værmelding

Søre Hartevassnuten – rundtur 6 km

Langs Hartevatn ligg Hartevassnutane, som er fleire markante fjelltoppar. Søre Hartevassnuten er den høgste på 1155 moh.

Turen til Søre Hartevassnuten er krevjande, med stigning heile vegen opp, og med ei stor steinur på baksida av fjellet. Born og hundar kan ha problem med å krysse denne ura utan hjelp. I tillegg er det ei bortimot loddrett fjellside mot aust, og har du born med på turen, må dei sjølvsagt passast ekstra godt på.

Den fyrste kilometeren går løypa langsetter bekken og opp gjennom bjørkeskogen, men etter kvart blir terrenget meir og meir opent, og du kjem til slutt opp på snaufjellet. Frå toppen er det fin utsikt over fjellområda rundt Hovden. Søre Hartevassnuten er merkt som ei rundløype på toppen, før returen fylgjer den same stien ned gjennom bjørkeskogen. Turen kan òg kombinerast med Nordre Hartevassnuten, og ender då opp i Hartevassnuten hyttefelt.

Start: Hegni friluftsområde, 1 km sør for Hovden.

 

Last ned kartblad

Søk