Svein Hovden-festival

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera

Svein Hovden-festival

Velkomen til Svein Hovden-festival! I tillegg til forteljingar om Svein Hovden, blir det godbitar frå Kirsten Bråten Berg og andre kjende og ukjende musikk-talent. Lyrikar Olav Mosdøl deltek, de samme gjer historikar Leonhard Jansen. Velkomen til innhaldsrik dag, der det også blir god tid til å slå av ein prat med andre deltakarar.

Setesdal og Suldal har mykje felles historie og dei siste fem åra har Setesdal Sogelag og Suldal Sogelag veksla på å ha arrangement annankvart år i Bykle og Suldal.

I år er det Bykle sin tur og Olav M. Holen har tatt initiativ til eit flott program om Svein Hovden (1841-1924).

Han skriv dette om bakgrunnen for samarbeidet:
«Ideen bak denne stemna var å setje søkjeljos på det tette, og for Bykle sin part, livsviktige hopehavet med Suldal. Når folk i Bykle ikkje visste si arme råd, vart Suldal utvegen for mange. I Ryfylke var livet lettare for folk flest, og der var det au både husrom og hjarterom for grannar i naud. Her kunne dei slå seg ned for kortare eller lengre tid, eller dei kunne reise heim med matbør som hjelpte dei over kneika. Det er ikkje tvil om at denne kontakten vestover hev redda mangt eit liv i Evre Setesdal.
Dette er det ikkje mange no for tidi som veit, korkje i Setesdal eller i Ryfylke. Det oppstod i den tidi mange venskap mellom nordmenn (folk frå Vestlandet) og austmenn (folk frå Setesdal og Telemark).»

Tidlegare arrangement i Bykle har dreid seg om Vise-Taddeiv og Ulvetuva.

Olav Holen seier at det var nokså opplagt at årets tema måtte bli Svein Hovden eller Svein Tveiten som han vart kalla i Telemark.

Vidare skriv Olav Holen dette om Svein Hovden:

For hundre år sidan var han eit kjent namn både i Setesdal, Telemark og Ryfylke. Han var viden kjend som tradisjonsberar, songar, forteljar og trekunstnar, også i hovudstadkrinsar. På sine eldre dagar hadde han jamnt vitjing av folk som komponisten Catharias Elling, musikkforskaren O. M. Sandvik og professorane Alexander Seippel og Torleiv Hannås. Dei fekk også gjort opptak på voksrullar når Svein song dei eldgamle visene og balladane han som gutunge hadde lært av den legendariske Halvor Bjaai.

BAKGRUNN OG OPPVEKST
Svein Hovden tilhøyrer både Bykle, Suldal og Vinje. Han var av sterke Telemarksslekter på både farssida og morssida. Foreldri hadde Haugardsmo i Grungedal, men i 1836 kastebytte faren gardar med Hallvor Hovden og flutte dit med den store familien sin. Fem år seinare kom Svein til verdi, så Svein var utan tvil byklar, og som godt vaksen flutte han attende til Hovden.

Sjølv om foreldri var aldri så flinke og arbeidssame, denne garden høgt til fjells var lite å leve av. Samstundes var det uår og vanskelege tider. Så "skarpt" var det at av og til måtte heile familien reise over til Suldal for å overleve. Hovden-garden miste dei stykke for stykke. Ei tid bruka dei Ørnefjødd, og i 1847 flutte dei til Bjåen der faren bruka garden til Hallvor Bjåi til 1850. Svein var berre 6 år då dei kom til Bjåen, men han og den 75 år gamle vart to gode «bussar». Samværet med den aldrande Hallvor var heilt avgjerande for at Svein vart den han vart. Hallvor var full av eventyr og soger og alt som var gamalt. Av Hallvor som var ein kjend songar i si tid, lærde han gamle balladar og segn og soger frå gamal tid. Mykje av det Svein Hovden kunne av den eldgamle songtradisjonen hadde han lært av Hallvor.

Som ung var Svein mykje over til Suldal der han tok seg arbeid. Han var jamvel til Haugesund der han var med på sildefiske. Sterk og hardtarbeidande som Svein var, la han seg opp pengar. 30 år gamal (1871) gifte han seg med Tone Knutsdotter Tveiten frå Grungedal og seinare kaupte han Tveiten for oppsparde pengar. Det var då han byrja å kalle seg Svein Tveiten. For å skøyte på inntekti av garden begynte han å lage tresko. Desse var så fint utforma at det var stor etterspurnad etter dei, jamvel i Oslo. Han fortalde til Knut Hoslemo at han i 17 år i gjennomsnitt gjorde 700 par i året - slikt vart det pengar av.

Som laksen vender attende til fødestaden, vende Svein attende til Hovden. Som unggut reiste han saman med heile familien fleire gonger over til Suldal for å finne arbeid så den store familien kunne overleve. På reisa vestover ein gong bad mori han om han kunne kaupe att Hovden når han vart stor, og Svein svara at så sant det var råd og moglegheiter skulle han gjere det. I 1884 kaupte Svein ein liten gard i Bykle, Maurlidi som han betala med "treskopengar", og to år seinare, Jeiskelidi. Men ennå hadde han ikkje fenge att farsgarden på Hovden. Ein gong var Svein innom Tarjei og Turid Hovden som åtte den eine av gardane på Hovden. Dei rådde han til å kaupe den eine Hovdengarden. Etter noko akkedering vart dei samnde og prisen, og Svein kunne oppfylle det han for lenge sidan hadde lova mori.

I seiste halvdel av 18-hundretalet kasta oppkjøparar og spekulantar augo sine på naturressursane i Bykle. Pengehushaldet hadde kome også til Bykle, og mange stod i gjeld til kjøpmennene i byen. Slik kunne dei slå under seg store verdiar for småpengar. Det vart jamvel sagt at Berdalsskogen vart seld for ei lauvsylgje.

Svein Hovden selde også, ikkje avdi han laut, men tilbodet frå eigedomsspekulantane Foss og Bjerke var for godt. I 1897 selde Svein eigedomane sine i Bykle for 5000 kroner, og han kunne bruke garden som før. Denne handelen trega han på heile sitt liv. Han var klok og framsynt i så mange ting, men som dei fleste kunstnarar var han ingen forretningsmann.
Seinare gjekk "Foss og Bjerke" konkurs og det nye selskapet "Otteraaens Brugseierforening" kaupte eigedomane. Det var starten til Otra Kraft.

ARVEN ETTER SVEIN HOVDEN
Ein god del av sogene til Svein Hovden vart skrivne ned, men på slutten av livet tala han om at det var så mykje han skulle ha fortalt. Svein fekk i si tid mykje kritikk frå det pietistiske miljøet, kanskje særleg i Bykle. Dei meinte at det han dreiv med var synd, og det fekk han nok høyre tidt og ofte. I fylgje Knut Hoslemo vart han på sine gamle dagar meir bunden av folkedomen, at det er synd og kvede visor, og at det i alle fall ikkje passa seg for ein gamal mann, som burde ha andre viktigare ting å tenkje på.

Då Svein fyllte 80 år, i 1921, ville Knut Hoslemo og O.M. Sandvik, musikkforskaren, skipe til ei feiring i Bykle der bygdefolket kunne hylle åndshøvdingen. Han skriva attende til Knut Hoslemo der han på ein audmjuk måte baud av. I brevet skriva han at det gjeng rykte i Bykle om at det er han sjølv som vil dette - at han hev vorte stormannsgalen. Dessutan var han redd for at ungdomar nedanfrå - at dei skulle take med heimebrygg," og så ville det heile blive noko spetakkel av".

Svein Hovden døydde 3 år seinare, i 1924. På den tidi var det ikkje store moglegheiter for å bevare dette stoffet for ettertidi, i alle høve når ein budde i Bykle. Likevel vart ein god del av det rike materialet berga. Det hadde kome ein ny metode for å gjere opptak, å take det opp på voksrullar. Desse var i mange tiår lagra sentralt, men så byrja ting å skje.

I 1974 var det ei kvedarseminar på Hovden der Agnes Buen Garnås var med. Ho hadde fenge tak i voksrullopptak som var gjort av O. M. Sandvik i 1919 og 1920. På Rysstad budde det ein sylvsmed frå Arendal som var i ferd med å etablere seg som artist, det var Kirsten Bråten Berg. Då ho høyrde opptaka av desse gamle visene og tonene var det som ei ny verd opna seg for ho, det var nett slikt ho leita etter. Men opptaki med Svein var teknisk svært dårlege.

Saman med Agnes Buen Garnås reiste dei til akademiet i Rauland der dei fekk sjå ei bok med nedteikningar etter Svein av Rikard Berge frå 1921-22. Ein nedgraven skatt var funnen! Frå vokstullopptaka, med berre snaut eit vers, fekk dei no fullstendige visetekster. Særleg spennande var det med mellomalderballadane som «Skipparen Valivan», «Lill Lisa», «Rideboll og Gullborg» og «Horpa».

Frå då av vart Svein Hovden ein viktig del av repertoaret hennar. Dette unike stoffet opna nye musikalske dører for ho, både jazz og andre sjangre. I åri som fylgde turnera ho i dei fleste land i Europa, USA og Canada, og stoffet etter Svein Hovden vart godt motteke over alt. Til Vossajazz i 1990 vart bassisten Arild Andersen beden om å skrive eit bestillingsverk til årets festival. Det vart til "SAGN" som byggjer på arven etter Svein Hovden

SVEIN HOVDEN - FESTIVAL 20. august 2022
I år vert samlingi i Bykle samfunnshus og me reknar med fullt hus denne gongen og. Sidan hovudpersonen er så knytt til Telemark på så mange måtar, er det ikkje utruleg at også austmenn kan dukke opp.

Som før om åri hev me sett i saman i godt program med gode foredrag og mykje musikk. Første avdelingi er vigd til Svein Hovden. I 1991 gav Bykle kommune ut boki "Svein Hovden - kvedar og sogemann", og det var Kirsten Bråten Berg og Leonhard Jansen som var forfattarane. Båe tvo hev sagt seg viljuge til å kome for å fortelje og syngje. Her vert det nok mange godbitar av Kirstens store og mangfoldige repertoar som hev skaffa henne både nasjonalt og internasjonalt ry.

I andre avdeling skal ein annan byklar have ordet, Olav Mosdøl vil take turen frå Kviteseid til bygdi der han vart fødd for 80 år sidan. I tillegg til å vere aktiv skulemann hev han fenge tid til å skrive 30 bøker i ulike sjangrar, men best kjend er han som lyrikar. Nokre av hans korte, konsise, men også vare dikt, hev alt vorte ikoniske. Kåseriet er også ein sjanger han meistrar til fullnad, så her er det mykje å glede seg til.

I denne avdelingi er det mykje song og musikk av både kjende og ukjende artistar som bur her eller som hev rot i dalen. Eit av formåli med denne "festivalen" er å lyfte fram "skjulte talenter", og dei er det mange av.

Er ein på tur til slektningar er det sjølvsagt at ein må sjale seg godt, og då høyrer Setesdalssuppa med. Her vert det servera ekte, sterk suppe saman med det som høyrer til. Men det er ikkje berre maten som er viktig, like viktig er det å røde med gamle kjende, og å treffe nye folk. Difor er det sett av god tid til det.

Når

20.08.2022
Lørdag: 14:00 - 17:00

Søk