Topptur på ski til Strandenuten
Bjørnevasshytta er eit godt utgangspunkt for fleire toppturar.
Bjørnevasshytta er ei ubetent DNT-hytte som ligg langs FV45 mellom Dalen i Telemark og Valle i Setesdal. Avkøyring til FV45 er ca. 7 km nord for Valle. Etter om lag 15–20 minutt kjem du til Bjørnevasshytta.
Turen til Strandenuten, som ligg på sørsida av Bjørnevatn, krev kunnskap om at isen er sikker og trygg å ferdast på.
Strandenuten byr på mange fine linjer gjennom glissen bjørkeskog. Her ligg det ofte god og urørt snø.
Toppen er relativt skredsikker, men lenger aust finn du brattare og meir utfordrande linjer. Pass på her, då det i fleire av linjene kan vere skredfarlig terreng og terrengfeller. Men under trygge tilhøve og viss forma di er god, byr Strandenuten på mange moglegheiter. Du kan endåtil rekke fleire turar på éin dag.
Husk å skrive namnet ditt i toppturboka, om du går heilt til topps.
WGS84:
Start: 59.347327, 7.537136
Topp: 59.337786, 7.550526
Tidsbruk: 2-3 timar
Høgdeforskjell: 300 m
Antall km: 1,42 km i luftlinje
Himmelretning: Nord
LA OGSÅ NEDTUREN BLI TIL EIN OPPTUR
Tenk tryggleik og gjer trygge løypeval. Rutealternativa våre er berre til vegleiing. Du må lese terrenget nøye, og velje tur og spor etter tilhøva den aktuelle dagen.
All ferdsel er på eige ansvar.