Viking & Villrein – Haustmarknad 2022

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Viking & Villrein – Haustmarknad 2022

Opplev, prøv, smak og lær. Slå av ein prat eller gjer ein god handel.

Velkommen til haustmarknad i regi av Viking & Villrein!

Vi inviterar til ein flott dag med aktivitetar, konsert og moglegheit for å gjere ein god handel på marknaden i Hegni friluftsområde.

Her kan store og små, unge og gamle, teste ut smiing og ildopptenning med eldstål, få omvisning på Jernvinnemuseet, prøve seg på lassokasting og skyting med pil og boge. Forskjellig mat blir det også å få kjøpt, blant anna blir det matlaging i kokegrop - slik ein gjerne lagde maten i eldgamle tider.

Kanskje du kan få testa ut vekta på ryggsekken til ein reinsdyrjeger som har hatt hell på jakt? Eller høyre meir om "urdyret" og den heilt unike villreinen som fekk folk til å busette seg i områda våre etter siste istid? Det finnes mange kulturminner i fjellet, meir eller mindre kjente, som fortel historiar. Dette og anna blir det også moglegheit for å få eit innblikk i.

Vil du bare inn for å sjå eller på marknad er det gratis inngong.

Deltaking i aktiviteter (aktivitetsband): Barn kr. 50 / vaksne kr. 100 / familie kr. 250.
(Alle barn som deltar i barneløpet samme dag får gratis aktivitetsband) 

Så ser vi fram til konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes kl. 16.15, sjå eige arrangement for meir info;

Haustmarknad program

 

 

Søk

Nyhetsbrev