Viking & Villrein Haustmarknad
Velkomen til ein fargesprakande familiedag full av spennande aktivitetar!
Du kan rusle rundt og suge til deg kunnskap, gode inntrykk og luktar, men også delta i aktivitetar, få deg ein matbit eller slå av ein handel i ein av salgsbodane.
Kvalitet og kunnskap er viktige stikkord for arrangementet, så her er det fritt for «juggel», men mykje entusiasme!
Årets marknad er den 3. i rekka. I fjor hadde vi opp mot 1000 besøkande i løpet av dagen, men det er nok av plass og ingen trengsel – så her kan du puste med magen!
Det blir aktivitetar, musikkinnslag og konsert, utstilling, matlaging og mykje meir.
I år etablerar vi ein ny mat- og sankefestival, parallelt med marknaden, med besøk av dyktige folk som kan sitt mathandverk. Blant anna lefsebaking med den velkjente kulturberaren frå Setesdal, Inger Lise Stulien, Hovdens lokale slakteri "Fjødd" demonstrerar partering av vilt og den kjente kokken Trond Moi blir med og lagar mat utendørs. Dette skjer ved Hovdestøylen.
Det blir også kveldsarrangement på Hovdestøylen, med vikingmiddag og konsert med Bjørn Tomren.
Vi har fått med oss mange gode samarbeidspartnarar og ser verkeleg fram til ei flott helg!
Programmet oppdaterast på www.vikingvillrein.no