Gunnar Stubseid – Ein hyllest til Hank Williams

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Gunnar Stubseid – Ein hyllest til Hank Williams

Gunnar Stubseid med band: «Tribute to Hank Williams"

17. september i år var det 100 år sidan ein av dei største artistene innan country&western-sjangeren blei født. Hank Williams gjekk bort bare 29 år gammal. Til tross for sitt korte liv blei han ein av dei største stilskaparane innan denne sjangeren.
Hank Williams har vore populær på Agder heilt sidan 50-talet, og Gunnar Stubseid, som er mest kjent som hardingfelespelemann, voks opp med desse melodiane og begynte å synge Hank Williams alt som 13-14-åring.

Dette repertoaret har han tatt opp att nå i jubileumsåret, og saman med gode vener vil han presentere eit utvalg av dei mest kjente Hank Williams-melodiane, som han knyter saman med livshistorien til denne legendariske songaren frå Alabama. Bandet har tidlegare i år spela for fulle hus både på Rysstad og i Vennesla, og kjem til Hovden direkte frå konsert i Vanse for Farsund folkemusikkfestival. I bandet er Stina Brandin på fele, Vidar Frøysnes på lapsteel og gitar og Knut Djupdal på bass.

Pris

Beskrivelse Pris
Pris 150,00kr (Billetter)

Søk

Nyhetsbrev