Ingebjørg Bratland Odd Nordstoga – Langt heimafrå

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Ingebjørg Bratland Odd Nordstoga – Langt heimafrå

Langt heimafrå - konsert med Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt!

Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 11. oktober kjem dei til Hovden grendehus og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i Vinje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.

Billettar, kr. 595 for online sal på Billett

Det blir konsert både kl. 18.00 og 21.00.

Pris

Beskrivelse Pris
Pris 595,00kr (Billetter)

Søk

Nyhetsbrev