Topptur på ski i Sondrelåmi i Valle

Bestill overnatting Overnatting Hva skjer? Hva skjer? Webkamera Webkamera Skirapport Skirapport

Topptur på ski i Sondrelåmi i Valle

I Sondre Nordheims skispor i Valle.

I 2017 vart det rydda ei «låm» (løype) ut frå skildringar av kor Sondre Norheim stod på ski på den tida han budde i Valle. Løypa er tre kilometer lang, har 800 høgdemeter og ligg i fjellsida ved Tveitebø, nord for Valle sentrum.
Starten går frå parkeringa i Tveitebø. Følg heievegen derifrå til du treffer på Bispevegen etter den første venstresvingen. Då kan du følge Bispevegen oppover til du kjem til hogstfelta. Fortsett på traktorveg til det nyaste hogstfeltet. Her kjem du inn på sjølve låmi.

Når du nærmar deg toppen, må du følge Bispevegen for å unngå skredfarleg terreng. Både Vrålskred og Konungsnatten er bratte nok til at det kan gå skred. Er skredfaren høg, bør du ikkje køyre i denne delen av området, sidan renna kan bli treft.

Du tar ut av renna på same staden som du møter Bispevegen. Derifrå og ned er det enkel og artig køyring, jamvel for nybyrjarar, om det er nok snø. Er det lite snø, vert det større utfordringar.

WGS84
Start: 59.231463, 7.560289
Topp: 59.227346, 7.59829

Parkering: På opparbeidd parkeringsplass ved heieveien. 

Høgdeforskjell: 800 m.

Lengde: 3 km.

Himmelretning: Vest
 

LA OGSÅ NEDTUREN BLI TIL EIN OPPTUR

Tenk tryggleik og gjer trygge løypeval. Rutealternativa våre er berre til vegleiing. Du må lese terrenget nøye, og velje tur og spor etter tilhøva den aktuelle dagen. All ferdsel er på eige ansvar.

Last ned kartblad.

Topptur på ski til Strandenuten

Søk

Nyhetsbrev