Konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes på Hovden grendehus

Konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes på Hovden grendehus

Konsert med Kim Rysstad og Trym Bjønnes på Hovden grendehus!

Måndag etter palmesundag, 14. april kl. 18.00 kan du oppleve Kim Rysstad og Trym Bjønnes på Hovden grendehus! Kim har hatt ei formidabel karriere som musikar med sin fantastiske stemme. Deltaking i Melodi Grand Prix, Beat for Beat og ikkje minst Stjernekamp hausten 2019, vore solist med kjente orkestre som KORK, symfoniorkestra i både Trondheim og Kristiansand og sjølvaste London Philharmonic Orchestra og samarbeid med musikarar som Silje Nergaard, Anne Grete Preus, Trygve Skaug, Knut Reiersrud og Tord Gustavsen fortel sitt. Utgjeving av fleire plater og deltaking på andre sine innspelingar er også ein del av biletet.

Med seg på konserten har Kim gitaristen Trym Bjønnes frå Hovden. Dei to starta det musikalske samarbeidet for 15 år sidan og har gjort ei mengd konsertar saman. Dei er svært samkjørte og det er ei sjeldan konsertoppleving når dei let røystene smelta saman i klokkeklare harmoniar.
Du kjem nok til å få høyre songar som varierer frå Setesdalsstev til MGP-songa Så vidunderleg og frå Håvard Hedde via Den bortkomne sauen til Coat of many colors, altså svært mykje å glede seg til!

Billetter 400 kr + avg. kjøper du på ebillett.no og skriv Hovden i søkefeltet.

Book

Veibeskrivelse

Hovden grendehus
Hovden i Setesdal
4755

Se åpningstider