Jernvinnemuseum og Vikingvegen
På Hovden Jernvinnemuseum får du sjå korleis jern og kol blei produsert for om lag tusen år sidan. Museet formidlar historia om den omfattande jernutvinninga på Hovden og i Bykle kommune i vikingtida og mellomalderen. Opplevinga passar for både vaksne og barn.
Jernvinnemuseet er sjølvbetent, og det er gratis inngang.
Beskrivelse
Jernutvinning i Fjellgardane
Hovden er eit gardsnamn og var ein del av «Fjellgardane», som omfattar gardane frå Bjåen i nord til Ørnefjell/Geiskeli i sør. Det er rikt med jernmalm i myrene i her, og jern blei levert til store delar av Sør-Noreg, gjerne til kysten på vestlandet - der det også kunne eksporterast. På Hovden hadde produksjonen eit omfang som bar preg av industriell verksemd.
Gå Vikingvegen
Kombiner gjerne museumsbesøket med ein tur langs Vikingvegen. Den om lag 3 km lange ruta startar på moloen i Hegni friluftsområde og følgjer Otra nordover via Hovden sentrum og vidare mot Hovden Høyfjellsenter.
Langs vegen finn du fornminner og informasjonsskilt om jernutvinninga i vikingtida, men også om andre delar av historia som har prega Hovden. Du kan også velje å gå berre delar av ruta.
Adgangskode: *475511*
Åpningstider
Adgangskode: *475511*
Selvbetjent - alltid åpent
Veibeskrivelse
Hegni friluftsområde
Hegni 1
4755 Hovden i Setesdal