Anders Medhus, Hallingcast AS (2025)
Landskappleiken på Hovden 24.-28. juni
Velkomen til dagar fylte med folkemusikk, dans, tevlingar og gode møte! Her finn du program for årets Landskappleik – eit stort arrangement med liv og røre i fem dagar.
Kva er Landskappleiken?
Landskappleiken er eit årleg stemne og ei tevling i norsk folkemusikk og folkedans, og blir rekna som noregsmeisterskapen i tradisjonsmusikk og -dans. Arrangementet har røter tilbake til 1888 og flyttar kvart år til ein ny stad i landet.
På Landskappleiken blir det tevla i mellom anna hardingfele, fele, durspel, kveding, munnharpe, langeleik, fløyte og andre eldre folkemusikkinstrument. I tillegg er det tevlingar i pardans, lagdans og lausdans.