Topptur på ski til Strandenuten v/Bjørnefjell, Valle

Topptur på ski til Strandenuten v/Bjørnefjell, Valle

Bjørnevasshytta er eit godt utgangspunkt for fleire toppturar.

Bjørnevasshytta er ei ubetent DNT-hytte som ligg langs Fv. 450 mellom Dalen i Telemark og Valle i Setesdal. Avkøyring til Fv. 450 er ca. 7 km nord for Valle. Etter om lag 15–20 minutt kjem du til Bjørnevasshytta.

Turen til Strandenuten, som ligg på sørsida av Bjørnevatn, krev kunnskap om at isen er sikker og trygg å ferdast på.

Strandenuten byr på mange fine linjer gjennom glissen bjørkeskog. Her ligg det ofte god og urørt snø.
Toppen er relativt skredsikker, men lenger aust finn du brattare og meir utfordrande linjer. Pass på her, då det i fleire av linjene kan vere skredfarlig terreng og terrengfeller. Men under trygge tilhøve og viss forma di er god, byr Strandenuten på mange moglegheiter. Du kan endåtil rekke fleire turar på éin dag.

Husk å skrive namnet ditt i toppturboka, om du går heilt til topps.

WGS84:
Start: 59.347327, 7.537136
Topp: 59.337786, 7.550526

Tidsbruk: 2-3 timar

Høgdeforskjell: 300 m

Antall km: 1,42 km i luftlinje

Himmelretning: Nord



LA OGSÅ NEDTUREN BLI TIL EIN OPPTUR

Tenk tryggleik og gjer trygge løypeval. Rutealternativa våre er berre til vegleiing. Du må lese terrenget nøye, og velje tur og spor etter tilhøva den aktuelle dagen.

All ferdsel er på eige ansvar.

Veibeskrivelse

Parkering ved Bjørnevasshytta, ei ubetjent DNT-hytte som ligger langs Fv. 450 mellom Dalen i Telemark og Valle i Setesdal.