Kunstutstilling "Når bileta vaknar", Olav Bjørgum

Kunstutstilling "Når bileta vaknar", Olav Bjørgum

Bykle og Valle kunstlag presenterar utstillinga "Når bileta vaknar". Grafikk og måleri av Olav Bjørgum. Utstillinga gir eit innblikk i hans kunstneriske verden, inspirert av musikk og dans. I tillegg kan publikum oppleve ein lys-, lyd- og bilde-installasjon.

Beskrivelse

I juni og juli viser Bykle og Valle Kunstlag fram utstillinga " Når bileta vaknar". Utstillinga presenterer grafikk og maleri av folkekunstnaren Olav Bjørgum, og gjev eit innblikk i hans rike kunstnarlege univers med tema som musikk, dans og folkeliv.

Olav Bjørgum hadde sjølv stor glede av musikken, noko som kjem tydelig til uttrykk i fleire av verka hans. Ein del av kunstverka er utlånt frå Setesdalsmuseet, medan mange og kjem fra private samlingar og ulike institusjonar.

I tillegg til original grafikk og maleri kan publikum oppleve ein lys-og bilete-installasjon der eitt av Bjørgum sine motiv er sett i rørsle og animert, slik at det får nytt liv.

Velkommen til ei stemningsfull og inspirerande kunstoppleving!

Åpning 20 juni 14.00, med enkel servering.

Utstillinga varer fram til 8. august og kan sjåast i Hovden Kunsthandel sine åpningsider:
Torsdag, fredag og laurdag kl. 11:00-16:00.

Velkommen!

Kontaktinformasjon

Adresse:
Hovden kunsthandel, Setesdalsvegen 4296, 4755, Hovden, ,
Telefonnummer:
95969999
E-post:
ella@uleberg.no
Nettsted:
hovdenkunsthandel.no

Se åpningstider